kameleon quilt logo

Kystlandskap


Det einaste som er sikkert når det gjeld veret, er at det er usikkert, blir det sagt.
Det er som oftast sant på desse kantar av landet, - det er sjeldan likt to dagar på rad, og endrar seg ofte dramatisk frå time til time. Det er kanskje derfor det er eit slikt populært samtaleemne.

Nokre gongar kan det faktisk vere så stilt og fint at fjella verkeleg får høve til å spegle seg i den blanke fjorden.




Så kan det ganske raskt bli vind, regn og skodde, - av og til så tjukk at ein kan sjå berre nokre få meter.





Når det lettar opp etter eit slikt uver, har ofte vinden snudd mot nord, og det er kaldare.




Ein hende gong kjem denne endringa akkurat i det sola er i ferd med å gå ned, -


- og solstrålane blandar seg med tåkedottane og lyser opp landskapet med eit fantastisk fargespel.


Det er denne stemninga eg ville prøve å gjenskape i nokre av fotoquiltane mine, og i desse stofftrykka..


Men korleis?



Eg valde å jobbe digitalt, men skal ikkje gå så mykje i detalj om menyar, kommandoar og verktøy som måtte brukast.


Men under kan de sjå hovudingrediensane saman med nokre korte kommentarar:


Eit hovudmotiv.




Eit foto av stormskyer som kjem rullande inn frå havet.




Ein digitalt måla bakgrunn (..i ganske sjokkerande fargar....)


Legg ingrediensane lagvis, rør saman og prøv ut virkninga av forskjellige verktøy og effektar, putt i fleire ingrediensar etter behov, og det kan til slutt bli noko slikt:





Sjå alle stofftrykka her.






Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Foto på stoff 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster  

 

Linkar 

E-mail 


Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Foto på stoff | Data og quilting Teppe laga av andre| Gratis mønster| Linkar | E-mail |

TIL TOPPEN

Copyright 2006 Eldrid Røyset Førde